så inderleg vel
inst inne i
meg’et
inst inne i
deđ menneskelege,
deđ dyriske
meg,
at soli har snudd,
og sumaren kjem,
ørlite nærare for
kvar dag;
Sjølv om eg veit,
at for kvar dag som går;
blir dagen aldri så lite ljosare…
så greiđer eg ikkì sjå deđ,
nei,
eg kenner ikkì eingong
den namngjetne angen av
små myrke høvelspon,
sagmođen
som soli kvar dag
høvlar og fresar av myrketiđi.
Men eg trur,
og eg veit,
ja, eg veit at skulde
eg lukka augo mine
i månader tvo,
og lukka dei opp att,
svo
ser eg međ ein gong
at ljosare,
deđ har deđ vorte
Jamvel;
Jamvel må eg spyrja:
Tener eg noko på å lukka augo
for ting slik dei er?
Er deđ ikkì betre å tru,
međ deđ vesle vìtet
eg har, her
miđt i myrkret;
enn å lukka augo att,
og seia
vekk; vekk međ alt deđ vonde;
eg vil ikkì vita av deđ!?
Lars-Toralf Storstrand, januar 20©06
