Ei fager drôs, ein protestant, vart gift med ein katolikk
Å elska Bibel, Gud og bøn, med morsmjôlki ho fìkk
Men husbond’ hennar syrgde drygt, at kôna vilde ei
Til «moderkyrkja» venda seg, og kjettarane seg’ nei
For kvar ein dag, han smiska reint, men ho var like steil,
Ho nekta plent og bøygja seg, for statuer av stein
Oblat og messe var’kje meir enn laga til forføring,
Umvandlingi av brød og vin, var einast for forstøring
Han gjekk til då hen til pateren – og syrgde høgt og sårt:
«Kona mi er kjettar, vil’kje fylgja pavens bod;
Og kvart eit under kyrkja gjer, ho alle saman hatar
Kann henda du med meg kan gå, og gjera synd til bate?»
Prestemannen fylgde han – i von om ei pengeløning
Han sa: «Omvend det skal ho bli, og fri frå satans tyning»
Og då dei kom til heimen fram, sa mannen «Kona, kjær!
Vår pater med til nonsmat er». Ho sa: «Velkomen vær!»
Då måltidet til ende var, var prestemannen kvikk,
Å tala ord om syndefall og menn’skeslektas svik!
Om Herrens store kjærleik, som alle kristne kjenner
At Han for syndarslekt laut døy, og blodet som laut renna
«I morgon vil eg atter koma her i huset inn,
Eg gjera skal det under: Kjøt og blod; av brød og vin»
«Du brød skal få», sa kona blid, og presten takka varmt
«I morgon skal du verta frelst – og fri frå all di harm
Ved morgonbels, var presten klar, og signa brød og vin
Og kvinna sa: Er det no kjøt? Og presten svara: Ja!
Det endra er til kjøt og blod - til Herrens kjøt og blod
Du lyt for brødet bøya deg - så segjer pavens ord!
Når signingsordi no var sagt: For prest og mann ho tente
Og kôna sa, til presten vendt: «Du lyt med maten vente
For femten gram med arsenikk, eg knadd i deigen inn,
Men um du hev umvandla det, så gjer det ingenting
Prestemannen vart no bleik – ja, og tagall som ein fisk
Og brødet fall på golvet ned - der han sat til bisk
«Hent hesten min!» sa presten redd: Eg må frå satan flyga
Men kvinna sa: Om fly du skal, fly burt frå Rom si styggja
Mannen sat og gapa høgt; Han miste meste målet
Men sa so stille: Kjære deg! Sjå presten sprang frå bordet
Å tru på slikt eit eventyr, det er ikkje abel,
Eg blir med deg; og nektar tru, på den katolske fabel
Ukjend forfatter, Irland
Oversatt av Lars Toralf Storstrand, Reykjavik, Island 1991
transkribert til nynorsk 1995