Tuesday, February 13, 2007

Ferdamannskvad

No legg eg på nytt ut på ferði,
eg bûr meg sjølv til å gå;
eg pakkar mi byrð på herdi,
og tek med meg alt eg må.
Svo spenner eg Orions belte um lend
og fester dað saman – alt i spenn.


Eg sveiper um okslene mine,
ei kappa av stjernevevd ty.
Kvar kvelð
ger eg denne riten,
kvar kvelð
lyt du venta forviten,
og vona at du fær å sjå…


Men her er ei sanning som rungar
i det tagalle himmelrom:
Dei stjernor som glimar på himlen,
fær aldri du røyneleg auge på
og heller'kje evne til å skyna deg på,
– utan du meg og mitt vil sjå.


Lars-Toralf Storstrand, juni, september, desember 20©05, februar 20©07