Thursday, February 14, 2008

Oppstyr og oppstode

Eg høyrde eingong om ei gravferd så stor,
nede i Israels land.
I skarar dei vandra, med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningeleir,
at mange låg daude på rad,
Og der i varmen - i det heilage land,
Måtte dei få dei i grav.


Men bakken var steinut, og foten var sår,
nede i Israels land.
I skarar dei vandra med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningleir,
at liket frå båra datt av,
Dei som bar båra - i det heilage land
måtte få liket i grav.


Så snåva dei atter - og gjekk ned i kne,
nede i Israels land.
I skarar dei vandra med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningeleir
at liket datt av ein gong til,
Og der i varmen - i det heilage land,
Lyfte dei liket på ny.


Ein tridje gong traff dei, ein snåvestein stor,
nede i Israels land.
Dei skarar som vandra med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningeleir,
at liket datt av enn ein gong
då reiste seg liket, og fræste og gjekk,
...men ikkje til jubelsong.


Græt dei aldri, Israels mødrar?

Tårene flyt i straumar strie,
Kvinner græt, når menn bér lik,
Tilhyld i svart-grøne-raude laser,
Grunna ein faseførd, gamall krig,
Når mann eller bror lid'r valdeleg daud,
er tårer sundt - for å ytra si naud,
Men media tegjer um halve saken,
Um terroristar som kler seg i laken,
Som skyt dei sivile, uvæpna, ned,
Og sprengjer i stumpar og stykke.
Halve sanningar - er berre lygn
Som eine rettferdi dølgjer.
Tvo fråger rungar mot medias tale:
Og ventar eit svar som er eintydig klårt:
Gravlegg dei aldri drepne jødar?
Græt dei aldri, Israels mødrar?
(c) 2004: Lars-Toralf Storstrand