Sunday, January 14, 2007

Botanisk klagekvað

Det veks ein blome i mitt nærvær,
som er så fagerfin og sjå på,
han kallest staseleg Civitas Salus,
og han er fargerik:
rauð og grøn og gul og blå.

Dei gamle sagde: denne blomen,
han var så goð å ha når ein var klein,
det var ein plante lagd til ålmenn nytte,
og með så god ei rot
til helse- og til sæle-bot.

Han blømde allestader longo,
då han vart planta ut i alle béd,
no veks han knapt
ein blom i gongen,
og hjelpi som han gìv er heller spèd.

Eg tenker stilt når no eg ser han,
ei sanning som så visseleg er sann.
når nauð og sjukdom tyngjer her den svake,
finst korkje rot hel’ blomar att,
- for deï som verk'leg treng å smake.

Lars-Toralf Storstrand, november 20©05 basert på sitatet: "Når nøden er størst, er hjelpen nærmest borte" frå Robin Hood-huset (Bergen) si brosjyre. Civitas Salus tyder lauseleg omsett noko slikt som Velferdsstat.