Thursday, February 14, 2008

Oppstyr og oppstode

Eg høyrde eingong om ei gravferd så stor,
nede i Israels land.
I skarar dei vandra, med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningeleir,
at mange låg daude på rad,
Og der i varmen - i det heilage land,
Måtte dei få dei i grav.


Men bakken var steinut, og foten var sår,
nede i Israels land.
I skarar dei vandra med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningleir,
at liket frå båra datt av,
Dei som bar båra - i det heilage land
måtte få liket i grav.


Så snåva dei atter - og gjekk ned i kne,
nede i Israels land.
I skarar dei vandra med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningeleir
at liket datt av ein gong til,
Og der i varmen - i det heilage land,
Lyfte dei liket på ny.


Ein tridje gong traff dei, ein snåvestein stor,
nede i Israels land.
Dei skarar som vandra med liket på strå,
tvo hundrade kvende og mann.
Det hende i Jenin, ein flyktningeleir,
at liket datt av enn ein gong
då reiste seg liket, og fræste og gjekk,
...men ikkje til jubelsong.