umsider.
Hausten kom ein
årle morgon kald
han senkte seg så stilt
på garð og grunnar.
Men gjetorð skolv
igjenom timbra veggar
og dyri skyna kva for dag
som runnen var.
Dei høyrde kor’s me stoð og kvædde,
alt meðan slipesteinen drogst,
dei voro rædde.
Dei flokka seg i saman
som dei søkte
til trøyst der inni kveet
og til gaman.
Ein ange utav dauð låg tungt på vinden,
men me,
Guds avbilæt på jorð
var altfor dumbe,
til å sosso eim
-- i våre nasebor å kenna.
Utan orð som var av kærleik fylde
stoð me i støvlar klædd
með øks og kniv i reim,
me samla bloð i spann,
og innvolar i balje.
Med grove nevar skar me livet or deim
með sterke hender
blodga med deim ein og ein,
og nennsamt delte me
upp kjøt i mange slag
som for å verna noko verdefullt
men utan tanke
om at ogso dyr kann kenðslor hava.
Då dagen gjekk i vest
og me sat saman,
kring borðet og åt bloðfersk høgtiðsmat
og kniven låg på blokki kvesst og venta
at oksen sku’ til perse neste dag.
Me tenkte einast fest og glaðe tankar
og leivde ikkì tanke ein til deim,
som let sitt bloð
og liv utan å kny.
Me tok dað helst for gitt
at slik var livet,
so dumbe kan vel einast’ men’skje bli
me lukker augo,
trur oss høge Herrar,
yver alt som ikkì tenker sossom vi.
Sjølv um me veit at øksi ligg på stabben,
og at dað henge òg ein dom her yver oss,
me turar fram i same bråe farten,
og øver makt
og søler meire bloð.
Kor’s skal så livet mitt i framtið mælast?
Skal dað bli sagt um meg
um longo enn:
«Han døydde rædd,
men knydde ikkì,
og blødd og flådd,
dað vart han likavel.»
Lars-Toralf Storstrand, oktober 20©05, februar 20©07
