Monday, January 29, 2007

Sildulja og rettferd

Eg kjenner angen av svidde
clutch-lamellar
svi meg i nasebori,
dufta minner meg
om bilturar
til Karmøy
i barndomen
og stanken
frå silduljefabrikkane
som låg på rekkje og rad
langs Karmsundet
og parfymerte
heile lokalsamfunnet
med draumen om
rikdom
som deretter dreiv offshore med vinden
ut i havet til Ekofisk
og inn att med venstrevinden til;
og ned i dei djupe,
djupe skattekistene
til stendig grådigare
politikarar,
lengst tenkjeleg vekke frå
draumane
- og det folk flest turvde.

Men ein dag,
veit eg;
ein dag skal trollet møta
ein litan gut,
med snøgge tankar,
ryggsekk på magen
og kvass kniv.

Lars-Toralf Storstrand, desember 20©05